Klatreskule 5-8 år. Torsdag kl 1700-1800.

Klatring er ein perfekt sport for born i denne alderen. For det første elsker dei å klatre, for det andre får borna trent styrke, balanse og grovmotorikk på ein god og artig måte. Dei får utfordra seg i forhold til høgde og læra å ta ansvar for den ein klatrar saman med. Det viktigste er uansett at det skal være moro. For dei minste har me difor lagt opp til mange elementer av leik, mens det er meir fokus på trening og teknikk for dei meir erfarne og eldre borna. Me legg vekt på at borna skal læra seg handverket klatring på ein god måte. Dei skal læra korleis ein tar på seler, knyter knuter og sikrar kvarandre. Me ønsker at dei skal læra tryggleikskjeda i klatring og det ansvaret ein har for einannan når ein klatrer. Me har grupper på 10 born, og to instruktører i kvar gruppe.

 

Klatreskule 9-12 år. 2 grupper. Tysdag kl 1800-1900 og torsdag kl 1800-1900.

Dette er gruppa for dei som vil læra seg sikring på topptau og som vil klatre mykje. I starten (1-2 ganger) er det fint om nokon av foreldra er med og sikrer (opplæring vil bli gjeven) borna de første gongene slik at borna får klatra mest mogleg. Deretter blir det fokus på at borna sjølv skal læra å sikre kvarandre. Me har grupper på 10 born, og to instruktørar i kvar gruppe i tillegg til foreldre.

 

Klatreskule 13-17 år. Torsdag frå kl 1915-2030.

Dette er gruppene for dei mellom 13 og 17 år. Ein må ha brattkort for å delta på denne gruppa. Me vil ha fokus på sikring og topptauklatring. Sidan ein gjerne er på ulikt nivå i den alderern, vil det vere nokon som hopper rett på klatretrening overheng, teknikktrening og ledklatring.

 

Pris 2300 for 10 veker, oppstart i august. - FULLT

Påmelding for vårsemesteret åpnar i november.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pris 2300 for 10 veker, med oppstart i august. - FULLT

Påmelding for vårsemesteret åpnar i november.

 

 

 

 

 

 

 

 

Pris 2300 for 10 veker, med oppstart i august. - FULLT 

Påmelding for vårsemesteret åpnar i november.